Feirar jul på barneheimen i Kenya

Benta (15), Martha (14), Naomi (13), Alice (13) og Mary (12) bur på barneheim i Kenya. Dei ventar spent på julenissen og julefeiringa i år.

FAKTA OM KENYA: 
  • Kenya er eit land på austkysten av Afrika.
  • Nairobi er hovudstaden i Kenya.
  • Kenya grensar mot Tanzania, Uganda, Sør-Sudan, Etiopia og Somalia.
  • Etniske konfliktar står for mange av Kenya sine problem. Tidleg på 1990-talet blei tusenvis drepne og fleire gjort heimlause av dette.
  • Dei største etniske gruppene i Kenya er kikuyu (22 %), luhya (14 %), luo (13 %), kalenjin (12 %), kamba (11 %), kisii (6 %) og meru (6 %).
LES FAKTALUKK FAKTA

– Me feirar jul 25. desember saman med alle som jobbar her, fortel Benta (15).

Ho og dei andre jentene gler seg til høgtida og alle tradisjonane dei har skapt saman. Det er organisasjonen New Life Mission som driv barneheimen og sørger for at barna får ei god julefeiring.

KVARDAG: På ein vanleg dag vaknar jentene klokka 5.30. Dei kler seg og et frukost før dei går på skulen mellom klokka 8 og 17. Etter skulen gjer dei lekser og et kveldsmat før det er leggetid. Foto: New Life Mission

– Me er kristne – så i jula går me til kyrkja og sundagsskulen som ligg i området vårt, fortel Martha (14).

– Alle barna, personalet og nattevaktpersonalet kjem òg for å feira jul saman med oss, fortel Naomi (13). 

Pyntar med bomull

Alle ungane hjelper til når juletreet skal pyntast. 

– Me pyntar treet med glitter og bomull som ser ut som snø. På barneheimen lagar me også masse julemat. Både chapati, indisk brød, kylling, geitekjøt, brus, sukkerdrikk og kake. Det er så gøy når alle samlast for å eta saman. Alle opptrer og syng og me høyrer på juleevangeliet som presten les. Me speler også afrikansk musikk og dansar. Alle er så glade, smilar Mary (12). 

Dei får også besøk av julenissen.

– Me trur på julenissen og at han kjem til oss med ein stor pose julegåver. Me trur nissen bur på Kilimanjaro-fjellet. Dei minste barna er redde for han og græt vanlegvis, fortel Alice (13).

– Av nissen får me julegåver med nye klede og vår eiga vesle leike, seier Mary (12).

Viktigast å vera saman

I Kenya er det ikkje tradisjon å gje kvarandre julegåver.

– Det viktigaste er å møtast og eta mykje kjøt og mat, fortel Naomi (13). 

Men mange av barna har likevel eit stort ønskje om å få ei gåve. 

– Eg ønskjer meg ei fin dokke som kan snakka, seier Alice (13). 

Marta (14) gler seg veldig til førjulsturen dei har som tradisjon saman. 

– Me reiser vanlegvis til byen Nairobi og ser på lyslenkjer som blinkar, fortel ho. 

GLADE JENTER: Benta, Martha, Naomi, Alice og Mary (frå høgre) gler seg til jul. Dei bur på ein barneheim i Kenya. Foto: New Life Mission

Lange skuledagar

På ein vanleg dag vaknar jentene klokka 5.30. Dei står opp for å ta på skuleuniformen og et frukost før dei går på skulen mellom klokka 8 og 17. Etter skulen kjem dei heim til lekser og kveldsmat før det er leggetid.

Benta (15) drøymer om å få jobb som flyvertinne når ho blir vaksen.

– Draumen min er å bli ei flyvertinne som reiser over heile verda. Flya passerer over barneheimen før dei landar i Nairobi, fortel ho.

Kanskje flyg Benta til Noreg ein dag?

– I Noreg er det kaldt og derfor er alle veldig kvite, smilar Alice (13).