Pussa opp leikehuset for 117.000 kroner

Kronprinsesse Victoria og prins Daniel sparte ikkje på ei krona då det vesle, raude leikehuset i hagen måtte pussast opp.

Då kronprinsesse Victoria og prins Daniel gifta seg i 2010, mottok dei Haga slott i gåve frå den svenske regjeringa. Paret har saman med sine to barn prinsesse Estelle (9) og prins Oscar (5) budd der sidan.

Foto: Janerik Henriksson / SCANPIX

Tidlegare har slottet vore gjennom oppussing for nærare 40 millionar kroner.

Det vesle raude leikehuset måtte også pussast opp. Det hadde nemleg stått så å seia urørt sidan midten av 1900-talet.