Ole Gunnar Solskjær er ferdig i Manchester United

Den norske manageren Ole Gunnar Solskjær (48) får ikkje fortsetja i jobben for «Dei raude djevlane» på Old Trafford.

Det bekreftar klubben på heimesida si sundag. Styret i klubben er ikkje nøgd med jobben Ole Gunnar har gjort den siste tida.

«Ole vil alltid vera ei legende i Manchester United, og det er synd at me no må ta denne vanskelege avgjerda. Dei siste para vekene har vore skuffande, men dei må ikkje overskygga jobben som har vorte gjort over dei siste tre åra for å gjenoppbygga grunnlaget for langsiktig suksess», skriv klubben.

På tre år leidde Solskjær Manchester United i 168 kampar i alle turneringar. Det vart 92 sigrar, 35 uavgjorte og 41 tap.