Kva skjedde på Travis Scott sin Astroworld-konsert?

Den amerikanske rapparen Travis Scott spelte nyleg for 50.000 fans på musikkfestivalen Astroworld i Houston, USA. Då det braut ut panikk i lokalet, enda det i tragedie.

I alt har ti personar mista livet som følge av tragedien som skjedde då rapparen Travis Scott stod på scenen i heimbyen sin Houston, 5. november. Det yngste offeret var berre 9 år gamal, skriv NTB.

23 menneske vart sendt til sjukehus og rundt 300 personar vart sett til ved eit feltsjukehus etter festivalen. Publikum begynte å pressa seg mot scenen, og det førte til panikk, skriv VG.

– Menneske byrja å falle og mista medvitet, noko som skapte enda meir panikk. Dette er ei tragisk natt, sa brannsjef i Houston, Sam Pena, under ei lokal pressekonferanse natta etter hendinga.

Saksøkt og fjerna frå Fortnite

No etterforskar politiet i byen korleis dette kunne skje. Fleire har saksøkt både sjølve rapparen, gjesterartisten Drake og arrangøren Live Nation, då dei meiner at tryggleiken til dei som var til stades på konserten ikkje er tatt vare på.

Tek.no skriv at i tillegg til dette, så er musikken til Scott fjerna frå Fortnite-butikken. Han har tidlegare hatt konsert inne i Fortnite. Den vart sett av om lag 12 millionar spelarar.

– Eg er heilt knust

Svært mange av dei som var til stades på konserten har lagt ut videoar i sosiale medium som viser det som skjedde. Det er også fleire som rasar mot artisten, og emneknaggen #canseltravisscott trendar på TikTok og Twitter. Fleire har uttalt seg om at det verka som om artisten såg at situasjonen var ute av kontroll – men likevel valde å ikkje gjera noko med det.

Scott har uttalt seg både på Twitter og Instagram, og fortel der at han samarbeider med polititet.

– Eg er heilt knust av det som skjedde, skriv Scott på Twitter.