Fleire tusen demonstrantar i Glasgow

Klimademonstrantar har teke til gatene i Glasgow. No blir klimatoppmøtet arrangert i byen.

Titusenvis av menneske slutta seg til protestar i klimabyen Glasgow i helga. Dei kravde at verdsleiarane tek grep for å gjera noko med klimaendringane, no når møtet går inn i si andre veke, skriv Sky News.

Regnet i storbyen var nemleg ikkje nok for å halda fleire miljøgrupper, organisasjonar, klimaaktivistar og utfolk frå heile verda vekke frå gatene.

Politiet greidde ikkje å estimera akkurat kor mange som hadde møtt opp, men COP26 Coalition, som organiserte demonstrasjonen, meiner at det var meir enn 100.000 menneske i gatene.

Les også: Pikachu demonstrerer i Glasgow

Vil ha klimarettferd

Det var ikkje berre i Glasgow folk møtte opp for å demonstrera i helga – COP26 Coalition har uttalt at det var om lag 300 demonstrasjonar over heile verda.

– Mange tusen menneske på kvart einaste kontinent tok til gatene i dag, for å kreva at verdsleiarane går frå å ikkje handle til rettferd for klimaet. Me kjem ikkje lenger til å tolerera store ord og langsiktige mål – me vil ha handling no, seier Asad Rehman COP26 Coalition.