Spytt kan forklara kvifor du ikkje likar brokkoli

Eit stoff i spyttet kan gjera at brokkoli og blomkål smakar ròte, ifølgje forskarar frå Australia.

I spytt finst nokre stoff som blir kalla enzym. Også i grønsaker er det ulike enzym. Saman med enzyma i spytt kan dei skapa ei ekkel lukt og smak av svovel, skriv Ung.Forskning.no.

Enzymet finst i munnen til nokon av oss, men ikkje alle. Det finst hos både barn og vaksne og nokon har meir av det enn andre.