Pakkar inn tre for å verna dei mot flammane

Massive tre i USA er blitt redda av eit heilt spesielt teppe.

Foto: Sequoia & Kings Canyon National Parks

Brannmenn i California, USA har verna fleire massive tre ved å dekka dei med eit folieliknande omslag, skriv News for kids.

Det har vore intense skogbrannar i området den siste tida, og det har ført til at mykje skog har gått tapt. Då flammane kom nær nokre av dei mest kjende trea i verda, tok brannmennene tak.

Verdas største tre

Dei gigantiske sequoiatrea som finst i California, og nærare bestemt i «The Giant Forest», er av dei største trea i verda. Dei kan veksa seg meir enn 90 meter høge, og leva til dei blir 3400 år gamle.

Grunna fleire skogbrannar dei siste åra, har talet på sequoiatre gått kraftig ned.

I fjor minka talet på denne typen tre med heile 14 prosent, etter ein stor skogbrann . Dei store trea blir derfor rekna som utrydningstrua.