Skal ha funne verdas tredje største diamant

Eit diamantfirma i Botswana har funne ein diamant som er på heile 1098 karat. Det gjer den til den tredje største i verda.

Fakta om diamantar
  • Diamanten er eit mineral som består av reint karbon.
  • Diamanten er det hardaste av alle stoff.
  • Han blir brukt til mange tekniske formål og til smykke.
  • Diamantar blir danna naturleg ved eit stort trykk i Jordas mantel. Dei kjem til overflata ved magmatisk aktivitet.
  • Det er mogleg å framstilla kunstige diamantar til smykke, men dei som er naturlege er mest dei ettertrakta.

Kjelde: SNL

LES FAKTALUKK FAKTA

Med sine 1098 karat, kjem den bak 3106 karat store Cullian som vart funnen i Sør-Afrika i 1905, og 1109 karat store Leseidi La Rona som vart funnen i Botswana i 2015. Det skriv The Guardian.

Presidenten i Botswana, Mokgweetsi Masisi, fekk sjå diamanten etter at den vart oppdaga.

Bringar håp

– Dette er den største diamanten som har vorte funnen i Debswana si historie på over 50 år i drift, seier direktøren i diamantselskapet Debswana, Lynette Armstrong, og legger til:

– Denne sjeldne og ekstraordinære steinen betyr mykje her i Botswana. Den bringar håp til ein nasjon som strevar.