Besøk frå verdsrommet i Fortnite

I går kom Epic Games med ein ny sesong av Fortnite. Den kjem til å handla om besøk frå verdsrommet.

Epic Games har lagt ut to trailerar for den siste sesongen, som kjem til å handla om besøk frå verdsrommet.

Tek.no skriv at fleire spelarar har opplevd å bli bortført av UFOar dei siste vekene, som flyttar dei til andre plassar på kartet.

Den første videoen, som du kan sjå i toppen av denne saka, er full av UFOar. Det blir ein invasjon frå verdsrommet og Rick frå den populære TV-serien «Rick and Morty» er med.

Battle pass

Den andre traileren hintar om kva spelarane kan tena opp i denne sesongens battle pass. Mellom anna viser den Rick i aksjon.

Superman gjer også ein opptreden.