Forbyr lærarar å snakka om rase og rasisme

Tennessee er no blitt den 16. republikanske delstaten i USA som har sagt at lærarane ikkje får snakka om rase og rasisme.

Den republikanske guvernøren Bill Lee underteikna nyleg lova som forbyr lærarar å snakka om rase og rasime i delstaten Tennessee.

Han støttar lova og seier at elevane bør læra om kor fantastisk USA er som land, ikkje om saker som skil folk eller set folk opp mot kvarandre, skriv NRK.

Demokratane er mot

Mellom anna har ikkje lærarane lov å fortelja elevane at «eit individ gjennom rasen sin eller kjønnet sitt er priviligert, rasistisk, sexistisk eller undertrykkjande».

Dersom lærarane bryt dette, kan skulen dei jobbar på mista finansiering. Det betyr at dei kan få mindre pengar til å driva skulen.

Medan dei fleste republikanarar støttar den nye lova, meiner demokratane at dette skal gjera lærarane redde for å ta opp tema som rase og rasisme, som er ein viktig del av USA si historie.