No feirar muslimane at ramadan er over

I dag markerer norske muslimar at fastemånaden ramadan er over. Her er det du treng å vita om eid al-fitr.

Id mubarak! Dette er ei tradisjonell helsing muslimane brukar under id, og betyr velsigna feiring.

I dag feirar muslimane i Noreg id al-fitr, som også blir kalla «fastebrytingas fest». Dette er ei viktig høgtid som markerer slutten på fasten, som starta den 13. april.

Ofte blir høgtida berre kalla id. Ordet er arabisk og betyr «festen som bryt fasten».

Feiringa startar ved solnedgang den siste dagen det er ramadan, og varar heile den kommande dagen.

Les også: No feirar muslimane ramadan – men veit du kvifor?

Ein dag for fest

Festen starta med ei felles bøn i moskeen.

Det er vanleg å kle seg opp i festklede, vaksne og born gir og mottek gåver, og ein besøker familie og vener og er saman med dei heile dagen.

Maten er også kjempeviktig for feiringa. Kva mat som står på bordet varierar etter kva land familien kjem frå, men det er alltid eit stort festmåltid.

Kjelde: SNL, NRK