Beverar øydela internettet til ein heil by

Fleire hundre menneske mista internett- og TV-signal i Canada førre veke. Grunnen? Beverar hadde gjort omfattande skade, då dei hadde togge seg gjennom jordkablar.

Ingeniørar oppdaga årsaka til problemet, etter at dei fann den oransje tapen som var brukt for å sikra ledningane, i den nærliggande dammen der ei rekkje beverar bur, skriv The Independent.

Gnagarane hadde greve seg om lag ein meter ned i jorda, til den 12 centimeter tjukke kabelen. Deretter hadde dei rett og slett togge gjennom ledningen, og dermed kutta internett og tv-signala til nesten tusen menneske.

«Ei unik kanadisk hending»

Liz Sauvé, ei talskvinne for internettleverandøren Telus, kalla hendinga for «ei unik kanadisk hending».

– Me fann ei nærliggande demning, og det ser ut til at beverane grov under jorda ved sida av bekken for å nå kabelen vår. Først har dei togge gjennom kanalen, før dei deretter har togge gjennom kabelen fleire stadar, seier ho.

Problemet skal no vera retta opp i.