Denne fuglen er 70 år og nybakt mamma

Verdas eldste kjende fugl er ein albatross. Fuglen, som heiter Wisdom, er 70 år gamal. No er ho nettopp blitt mamma!

Sidan i fjor haust har ho og kameraten hennar sete på eit egg. Førre månad opna egget seg, og ut kom ein kylling. Dermed vart verdas eldste kjende fugl mamma, skriv Newsforkids.

Wisdom er på Midway Atoll, som er ei øy halvvegs mellom USA og Asia. Området er heimen til omtrent 3 millionar sjøfuglar, som kjem tilbake dit kvart år for å parra seg, legga egg og oppdra kyllingar.

Omtrent 1,3 millionar av desse fuglane er albatrossar, slik som Wisdom. Albatrossar er enorme fuglar – vengjene deira måler rundt to meter frå vengjespiss til vengjespiss. Mesteparten av livet deira blir brukt til å sveva over havet.

Albatrossar er store fuglar. Foto: Pixabay

Forskarane har fulgt med Wisdom lenge

Sidan 1936 har forskarar fulgt med på albatrossane på Midway Atoll. I 1956, då Wisdom var omtrent fem år gammal, vart ho merkt rundt foten av ein forskar.

I 2002, då forskaren kom tilbake, vart han overraska over å finna Wisdom. Då var ho over 50 år gammal! Før det trudde forskarar at dei fleste albatrossar vart omtrent 35 år gamle.

Men Wisdom har levd så lenge at ho har hatt fleire partnarar, og fuglen Akeakamai har vore partnaren hennar sidan rundt 2012.

Alder og erfaring er pluss

No held Wisdom Akeakamai opptatt. Han tek lange turar over havet for å samla mat til ho og kyllingen. Desse turane kan vara i fleire dagar og kan dekka så mykje som 1600 kilometer.

Forskarar trur Wisdom sin alder og erfaring kan vera med på å halda henne trygg på turane. Dei seier det er sannsynleg at ho har lært korleis ein kan unngå mange trugslar og funne ut dei beste måtane å samla mat på.

Ein søt, liten albatrosskylling. Foto: Pixabay