1 år sidan Noreg stengde – 3 om koronatida

Me spurde born og unge i Noreg om korleis det siste året har vore.

Andrine Rundereim Nøstdal, 9 år.

Selje skule i Stad

Andrine Rundereim Nøstdal. Foto: privat

Kva har koronatida lært oss?

– Eg har lært at korona er veldig smittsam og no er det vorte endå verre og mange skular har kome på raudt nivå. Og så har eg lært at det er veldig viktig med handhygiene og slikt.

Kva gler du deg mest til når denne tida er over?

– Eg gler meg mest til å få vera i lag med venene mine på skulen, til å få vera i lag med heile familien min og til å kosa med søskenbarnet mitt Olivia på fire månadar.

 

Peder Vågnes Schjelderup, 14 år

Sula ungdomsskule i Langevåg.

Peder Vågnes Schjelderup. Foto: privat

Kva har koronatida lært oss?

– Det har lært oss konsekvensane av å ikkje ta alvorlege ting på alvor og å ikkje bry seg om reglar. Og det har gitt oss betre hygiene. Vi har blitt flinkare til å vaska oss og sprita oss.

Kva gler du deg mest til når denne tida er over?

– Kanskje til å kunne reisa på ferie igjen, og til å kunna byrja å spela handball og fotball skikkeleg. Og å vera med kompisar utan å måtte halda avstand og tenkja på reglane og vera forsiktig. Eg har vore bekymra for at mormor skal bli sjuk, så eg gler meg til å vera med ho utan å alltid måtte tenkja på reglane.

 

Mariell Ånestad Brekke, 11 år

Porsholen skole i Sandnes.

Mariell Ånestad Brekke. Foto: privat

Kva har koronatida lært oss?

– At det er viktig å halda avstand, og å ikkje klemma så mykje.

Kva gler du deg mest til når denne tida er over?

– Eg gler meg til å klemma igjen, og til ein slepp å halda avstand. Eg vil heller snakka med venene mine på skulen enn på nett.