Jakob (10) fekk plass i Barnas Klimapanel: – Eg synest jorda er så fin

Jakob er eitt av dei åtte borna i Barnas Klimapanel for 2021. Han gler seg til å bli kjent med dei andre, og trur dei kjem til å ha eit godt samarbeid.

Barnas Klimapanel 2021

Dei åtte som vart valt til å sitja i Barnas Klimapanel 2021 er Milla, Emanuel, Dina, Ulrik, Ane, Olivia, Josefine og Jakob.

LES FAKTALUKK FAKTA

– Eg vart veldig glad og stolt då eg fann ut at eg fekk vera med. Eg hadde aldri trudd at eg fekk plassen, seier Jakob.

Etter å ha vore miljøagent sidan 2018, fekk han i år éin av åtte plassar i Barnas Klimapanel. Der skal han representera norske born ovanfor dei som bestemmer i Noreg.

Noko av det han håpar å få til som medlem i Barnas Klimapanel, er å engasjere folk i klimakrisa.

– Eg skal prøva å representere Barnas Klimapanel på ein god måte. Eg håpar at me kan få klima og miljø inn i læreplanen, og etter kvart få redusera og stoppa oljeboringa.

Glad i jorda: Jakob synest det er viktig å skapa engasjement og blest rundt klimakrisa. Foto: Privat

– Eg synest jorda er så fin

Jakob fortel at han har vore interessert i miljø og klima lenge, og at han mellom anna starta å plukka boss allereie då han var fem år.

I Gloppen, der han bur, er han omkransa av fjordar og fjell. Det gjer noko med ein.

– Eg synest jorda er så fin, seier Jakob og fortsetter:

– Eg hadde lese mykje og sett reklamar som gjorde at eg begynte å bry meg om klimaet. Vennene mine er også veldig interessert i det. Og så må eg nemna Greta Thunberg, som er eit forbilde.