Reddar havskjelpadder frå kulda

Vintervêret i Texas har skapt problem for både menneske og dyr. Friviljuge har redda tusenvis av nedkjølte havskjelpadder.

Staten Texas i USA har opplevd ei uvanleg kulde den siste veka. Fleire er utan straum grunna store mengder snø og så mykje som 22 minusgrader.

I Noreg har me også hatt kulde og snø den siste tida, men her er både menneske og dyr førebudde på slikt vêr.

Det er dei ikkje i Texas.

Redda av friviljuge

Kulda har ført til at fleire tusen havskjelpadder er skylt i land på strendene på sørkysten av Texas, skriv NRK.

Direktøren i Sea Turtle Inc., Wendy Knight, fortalte til NPR at lokale friviljuge har henta skjelpaddene både med båt og til fots. Organisasjonen skal hjelpa og oppbevara dyra innandørs, til det er varmt nok i vatnet til at dei kan sleppast fri.

– Kjærleiken og støtta til menneska som vil hjelpa dyr som ikkje kan hjelpa seg sjølv, er overveldande, sa ho.