Har du eit av dei mest populære namna frå 2020?

I dag kom Statistisk Sentralbyrå (SSB) ut med namnestatistikken for 2020. På jentesida har eit nytt namn teke toppen av namne-trona.

– Den stabile trenden er jentenamn som sluttar på «a» og bibelnamn blant gutar, seier seksjonssjef Jon Olav Forsland i Statistisk sentralbyrå (SSB) til NRK.

Derfor er det kanskje ikkje noko overrasking at det mest populære jentenamnet i 2020 er Nora – som sluttar på ein «a». Også for gutane vert trenden halde ved like, med det bibelske namnet Jakob/Jacob.

Kjendisar påverkar

Totalt fekk 416 jenter namnet Nora i fjor, medan 422 gutar fekk namnet Jacob eller Jakob.

Jakob/Jacob var på toppen av gutenamna i fjor også.

På jentesida måtte 2019-vinnaren, Emma, sjå seg slegen. Men Emma er framleis populært. Det tok 2. plassen i 2020.

Kva som gjer namn populære, har fleire faktorar. Ofte er det namna til kjende folk, figurar i filmar og seriar, historiske personar eller familie som vert valgt.

Ti på topp i 2020

Jenter: 

  1. Nora/Norah
  2. Emma
  3. Ella
  4. Maja/Maya/Maia
  5. Olivia
  6. Emilie
  7. Sofie/Sophie
  8. Leah/Lea
  9. Sofia/Sophia
  10. Ingrid

Gutar:

  1. Jakob/Jacob
  2. Emil
  3. Noah/Noa
  4. Oliver
  5. Filip/Fillip/Philip/Phillip
  6. William
  7. Lukas/Lucas
  8. Liam
  9. Henrik
  10. Oskar/Oscar

Finn du namnet ditt på lista?

Finn du namnet ditt på lista?

Ja13
Nei74
Svar totalt: 87