Messi fekk sitt første raude kort

For første gong i Barcelona-trøya, fekk Lionel Messi direkte raudt kort i den spanske supercupfinalen.

Lionel Messi måtte gå slukøyra av bana i andre ekstraomgang av Supercopa-finalen. Han vart utvist etter å ha slege motstandaren Asier Villalibre på Athletic, skriv TV 2.

Det heile skjedde etter at Messi hadde sendt av gårde ein pasning. Motstandaren Villalibre gjekk i kroppen på han, og Messi reagerte ved å svinga eit slag mot hovudet hans.

Situasjonen vart sjekka av VAR, og deretter vart «den vesle magikaren» sendt i garderoben. VAR er ei forkorting på videodømming, som dommarar av og til brukar for hjelp i vanskelege situasjonar på bana.

Tapte finalen

Antoine Griezmann scora begge måla for Barcelona, medan Oscar De Marcos, Asier Villalibre og Inaki Williams scora kvart sitt for Athletic. Stillinga ved ferdigspelt kamp vart 2–3.

– Me er sinte og lei oss. Det er ikkje noko god kjensle å tapa ein finale, sa Antoine Griezmann til den spanske avisa Marca etter kampen var ferdig.