Lydar påverkar korleis mat smakar

Vi seier ofte at vi et med augo, men forskinga peikar på at øyre kanskje er like viktige.

Forskarar har undersøkt korleis lydar påverkar smak. Høge, lyse lydar, til dømes frå ei fløyte, kan få mat til å smaka søtare. Medan djupe tonar, til dømes frå ein bassgitar, kan få maten til å smaka meir bittert, skriv Ung.Forskning.no.

Lydar fortel hjernen mykje om den maten vi et. Det er ofte lettast å kjenna att «søte» og «sure» lydar. Vi forbind til dømes mørk sjokolade og kaffi med djupe tonar, medan vi forbind sitrongodteri og appelsinar med dei høge tonane.

Salte lydar

– Men salte lydar er meir kompliserte, forklarer den engelske professoren Charles Spence frå Oxford University i England. Han er ein av forskarane bak studien.

– Det kan vera fordi saltsmak tek litt lenger tid å utvikla seg hos oss menneske. Det er ikkje før seinare i livet at vi har ein såkalla respons til salt, seier han til Ung.Forskning.no.

Gav folk musikk og karamellar

For å testa korleis lyd påverkar smak, gjorde forskarane eit eksperiment der dei serverte folk karamell og musikk. Dei som fekk høyra «søt» musikk, meinte karamellen var søt, medan personane som høyrde «bitter» musikk, meinte karamellen var bitter. Ingen visste at dei fekk servert den same karamellen.

– Det betyr at vi faktisk kan endra smak med lydar, seier Spence.