Feira sitt første juleball – synest synd på dei som ikkje får lov

Mange gler seg til å endeleg få lov å reisa på sitt første juleball på skulen. Sjølv om årets ball vart annleis enn det pleier, hadde Emilie Tangen Mo og klassevenninnene hennar det kjempekjekt.

– Det beste med kvelden var at me fekk henga med vener. Me dansa, hadde kiosk, åt god mat og hadde det kjempekjekt.

Det seier Emilie Tangen Mo (12), som i år fekk delta på sitt første juleball på skulen. Men feiringa skulle ikkje bli heilt slik som den pleier.

På grunn av korona, måtte lærarane ved Leikanger Ungdomsskule tenkja nytt i år.

I staden for å samla heile ungdomsskuletrinnet i gymsalen, slik dei vanlegvis pleier, vart det trinnvis juleball.

Klassen hadde kiosk i klasserommet. Her hadde jentene fått seg julebrus og chips. Foto: Privat

Måtte passa på

– Det var litt kjedeleg at me ikkje kunne vera saman med heile skulen. Men uansett så hadde me det gøy, seier Emilie.

Foreldra stilte med kiosk og klassen hadde felles måltid, dans og spelrom.

Emilie fortel at mammaen hennar hadde kjøpt kjole til ho, og at ho hadde gleda seg veldig til festen. Men sjøl om juleballet vart arrangert i klasserommet, vart det ikkje noko mindre moro av den grunn.

– Me fekk lov til å dansa, men på grunn av korona måtte me vera flinke til å halda avstand og vaska hender.

– Håpar alle får vera saman

Avstand og handvask er jentene blitt godt vane med det siste året. Emilie fortel at ho håpar at hennar andre juleball neste desember, vert feira som normalt.

– Eg håpar at alle trinna får vera saman neste år. Og at me får vera i gymsalen, seier ho.

– Andre stader i landet har skulane avlyst juleballet på grunn av korona-viruset. Kva tenkjer du om at de fekk lov å samlast til fest midt i ein pandemi?

– Eg synst veldig synd på dei som ikkje fekk lov. Det er kanskje fordi det ikkje har vore så mykje smitte i Leikanger at det gjekk fint, og det er eg veldig glad for, seier Emilie.