Mathias (11) feira jul i Florida

10 minutt frå Disney World i Florida bur Mathias og familien. Grunna koronaviruset kunne ikkje slektningane frå Noreg kome på besøk i år.

Midt mellom eit stort palmetre og ein djup dam der det bur to alligatorar, ligg huset der Mathias bur. Det er snart tre år sidan familien flytta til USA då far til Mathias fekk ny jobb i FN.

I år skulle bestemor, grandtante, onkel, tante og søskenbarn kome til Florida for å feire jul med familien. Dei skule kome reisande frå både Odda, Stanghelle og Arna, slik dei gjorde året før. Men i år blei det ikkje slik. Og ikkje blei det sommarferie i Noreg heller, så no er det lenge sidan familien har vore samla.

– Eg saknar dei, seier Mathias.

Stor tidsskilnad

Mathias held kontakt med slekta i Noreg på FaceTime, men det er ikkje så enkelt når tidsskilnaden er så stor. 

SPESIELLE NABOAR: I dammen bak Mathias bur det to alligatorar. Foto: Privat

– Dei et middag når vi et frukost, eller skal leggje seg når vi et middag, men vi finn alltid til til å snakkast likevel, fortel han. 

I jula har dei ein miks av amerikanske og norske juletradisjonar.

Vi startar dagen med å opne julekalenderen. I år har eg hatt Harry Potter-legokalender. På julaftan hadde vi ein god julefrukost med nysteikte rundstykker, og så fekk vi opne ein presang medan vi venta på julemiddagen, fortel Mathias.

Julepynta palme

Pyntinga blir sjølvsagt prega av at dei bur i USA. På treet heng kuler frå Disney, og framføre huset står ei høg palme pynta med juletrelys.

– Vi var dei siste som fekk opp julelys og dekorasjonar her i nabolaget. Dei er veldig tidleg ute her, fortel Mathias som laga både peparkakehus og julekaker den siste veka i desember.

DISNEY: Årets julepynt kom frå Disney World som ligg 10 minutt frå huset til Mathias. Foto: Privat

– Til julemiddag blei det spareribs i fjor, men i år laga vi pork belly. Det blei nesten som ribbe. Det er ein mann her i Florida som sel ingrediensar til norsk julemat, men han var utseld i august. Så det fekk vi ikkje tak i fortel Beate Hesjedal Sundheim. Ho er mor til Mathias. 

Stor smittefare i Florida

Det er mange tomme hus nabolaget. Familien bur i eit område med mange feriehus og veldig få reiser på ferie no. Dermed blir det lite leik med naboungar. Men familien har to alligatorar i hagen.

– Eg sat ute i hagen ein dag, og då såg eg plutseleg at dei eine alligatoren byksa opp for å fange ein fugl. Men dei gjer stort sett alt dei kan for å vera i fred frå oss menneske, så det går fint, fortel mamma Beate.

PALMESUS: I år vart det julelys på palma i hagen. Foto: Privat