Johan og Greger har miljøvenleg julekalender

Biblioteket i Tysvær gir born og unge spanande historiar i spesiallaga julekalender, som inneheld 24 bøker frå biblioteket. Det er både bra for miljøet og for lommeboka.

– Me har fått veldig mykje gode tilbakemeldingar, og det er skikkeleg stas. Me fekk mellom anna tilbakemelding frå ei mor som sa at morgonane med bok-kalenderen har vore ekstra koseleg, seier Lillian E. Rushfeldt, som er biblioteksjef på Tysvær bibliotek.

Rushfeldt fortel at den opprinnelege ideen til kalenderen kom for mange år sidan, men at dei har drive med dette dei siste fem åra.

– Eg er ganske sikker på at me var det første biblioteket som gjorde dette, seier ho.

Dei har delt ideen sin i bibliotek-grupper, og ho fortel at det no er fleire bibliotek rundt om i Noreg som gjer det same som dei.

Bibliotekarane på Tysvær bibliotek gir adventsglede til mange born. Frå venstre: Barbro Sternhoff, Randi Pedersen, Lillian E. Rushfeldt og Hege M. N. Paulsen. Foto: Privat

– Nesten som ei overrasking

To av dei som har fått bok-kalenderen i år, er Johan (snart 6 år) og Greger (snart 3 år). Kvar morgon tek dei handa oppi sekken, og dreg ut ei ny bok.

– Det er litt spennande, nesten som ei overrasking kvar morgon, seier Johan.

Han fortel at han blir ekstra glad når det er ein spesiell karakter han kan lesa om.

– Kaptein Sabeltann er favoritten min, seier han og gliser.

Ingen avfall

18 slike sekkar vart levert ut til born og unge den 1. desember. Men neste år håpar biblioteket å ha enda fleire sekkar å låne ut til leseglade unge. Foto: Privat

– Det er kjekt å vita at dette er noko som blir sett pris på, seier Rushfeldt.

Ho fortel at kalenderane tidlegare år har gitt mykje avfall, sidan bøkene vart pakka inn.

– I fjor tenkte me at me måtte gjera noko med det, seier bibliotekar Rushfeldt.

Biblioteket gjekk difor til innkjøp av gjenbrukssekker – først og fremst for å gjera prosessen lettare. Ein bonus har vore at kalendaren no er mykje meir miljøvennleg, då det ikkje er noko avfall frå den.

– Det er veldig i tida med det miljøvennlege. I tillegg er ein slik kalendar veldig økonomisk, utan at det går ut over spenning og tradisjonar. Når du pakkar opp ei ny bok kvar dag, blir det jo kos, seier ho.

Utvidar tilbodet

– Me har bestemt oss for å fortsette med julekalendaren. Neste år kjem me til å utvida – den er jo blitt så populær.

I år måtte dei setje stopp på 18 sekkar. Dei hadde rett og slett ikkje fleire julebøker.

– Det har vore veldig stor interesse, og det er dessverre veldig mange me måtte seia nei til, seier ho og legger til:

– No må me bestilla fleire julebøker, slik at me kan ha fleire sekkar neste år.