Den gongen jula var forbode

Oliver Cromwell herska åleine i England frå 1653 til han døydde i 1658. I desse åra vart jula sett på ein hard prøve i landet. 

Oliver var svært religiøs, og meinte at det engelske folket fråtsa då dei feira jul. Både han, og hans tilhengarar, prøvde å endre jula til å bli ei tid for faste. Dei ville også at høgtida skulle vera ei stille tid, skriv Historenet.no.

Mange endringar

Dei tolv juledagane med fest og fyrverkeri vart forbode, og sjølve 25. desember vart ein vanleg kvardag.

Oliver innførte ei lang rekke med nye lovar. Mellom anna kunne folk bli straffa om Oliver sine tilhengarar kjende lukta av julemat frå eit ope vindauga.