Kjem med nytt kart til Among Us

Er du ein av dei over 300 millionane som no spelar Among Us? På nyåret kjem det eit nytt kart.

Natt til i dag gjekk årets The Game Awards-show føre seg, og Innersloth kom med Among US-nyhende. Dei viste fram det neste kartet i spelet, som har fått namnet The Airship, skriv gamer.no.

The Airship

I The Airship skal det mellom anna vera mogelg å klatra i stigar og bruka sveveplattformar for å koma seg raskare gjennom spelet.

Det er planlagt at kartet skal bli tilgjengeleg på nyåret, men det er ikkje sett ein sleppdato enno.

Sjå klipp frå kartet i Twitter-videoen under: