Jayden (9) strevar med å få tak i nok mat

Begge foreldra til amerikanske Jayden Messick har mista jobben. No strevar familien med å få tak i nok mat.

Jayden hjelper foreldra sine, Brian og Airis Messick, med å forebu lunsj i leiligheta deira i Anchorage i Alaska.

Familien slit med økonomien i koronakrisa. Dei er mellom mange amerikanarar som har mista jobben grunna pandemien. No får familien hjelp frå ein matbank. Ein matbank er ein velgjerande organisasjon som deler ut mat til dei som har problem med å unngå sult.

Mødre som gret

Begge foreldra i familien har mista jobben grunna koronaviruset. Mora til Jayden hadde nyleg fått jobb på eit kontor der folk som har mista jobben kan få råd og hjelp.

No har ho mista jobben sjølv.

– Eg høyrde folk fortelje sine historiar heile dagen. Eg snakka med mødre som gret over at dei ikkje har pengar til å ta seg av barna sine. Eg får vondt i hjarta når eg tenkjer på alle dei som ikkje får hjelp, seier ho.