Julekalender luke 17

Du har garantert sett dei raude og kvite sukkerstengene. Dei kan sjølvsagt brukast til å lage herlege knaselydar mellom tenna, men dei kan også brukast til juletrepynt! I dagens luke får du eit enkelt tips til korleis.

Du treng:

  • 2 sukkerstenger
  • Lim (helst limpistol, men anna lim går også fint)
  • Sytråd
  • Saks
Foto: Janne Nerheim

Slik gjer du:

  • Sprøy litt lim på endane på den eine sukkerstanga.
Foto: Janne Nerheim
  • Legg den andre sukkerstanga over den andre slik at dei to dannar eit hjarte.

  • La limet tørke.
  • Klypp ein passe lang sytråd og fest han øvst der dei to sukkerstengene heng saman.
Foto: Janne Nerheim

Hurra! No har du ein juletrepynt! Du kan ete denne i jula, men pass på å ikkje ete endane der du har limt stengene saman.

Visste du at det eksisterte sukkerstenger allereie på 1600-talet?

Ifølgje ein legende var det ein korleiar i Tyskland som bad folk om å bøye sukkerstenger for at dei skulle minne om hyrdane sine gjetarstavar. Så gav han dei til ungane under julegudstenestene, for at alle skulle vere stille i kyrkja. Fargane har ei symbolsk meining. Kvitt står for reinleik, og raudt for Kristi blod.

Vi veit ikkje sikkert at det var slik dei berømte sukkerstengene blei laga fyrste gong. Det er difor det vert kalla ei legende. Men, det er jo ei morosam historie.