Frykta denne var døydd ut

No har to små krabatar dukka opp. Det gir forskarar håp.

0

Då dei store brannane herja i Australia tidlegare i år, forsvann over ein femtedel av skogen i landet. Skogen er heimen til fleire dyr, og det vart derfor kritisk for ei rekkje artar.

På ei øy som heiter Kengeruøya, frykta forskarar at ein art var heilt utrydda grunna brannane, skriv NRK.

Arten, som vert kalla dvergpungsovar, er 5–8 centimeter lang og har ein 6–8 centimeter lang hale. Vekta til den vesle krabaten er berre om lag ti gram.

Gir nytt håp

– Me var så begeistra over dette funnet. Me har fryta at det ikkje skulle vera att dvergpungsovarar etter brannane, seier Dianne Pearson, som jobbar med ville dyr, til BBC.

For første gong etter brannane, er det no funne to dvergpungsovarar på Kenguruøya. Det gir forskarane håp om at den vil greie seg.

Hardt ramma av brann

Øya der dvergpungsovarane bur, vart hardare ramma av brannane enn fastlandet i Australia.

– 93 % av områda der dvergpungsovarane bur er brent opp, seier ho og legger til:

– No håpar me at me skal finne fleire dyr når me leitar gjennom andre område.

Sjå det søte dyret her: