5 om det amerikanske valet

Vi spurte born i Noreg kva dei tenkjer om det amerikanske presidentvalet og dei to kandidatane Joe Biden og Donald Trump.

Tindra Atundi Sødal, 9 år, Drammen:

– Eg håper det blir Joe Biden. Han vil vere president for alle, mens Trump berre vil vere president for dei rike.

– Dessutan er Joe Biden opptatt av å gjere noko bra for klimaet. Det er ikkje Trump.

 

Johannes Hovden Remøy, 12 år, Herøy:

– Eg veit ikkje så mykje om Joe Biden, likevel håper eg at han vinn valet. Ein president må vere snill med folk, men det verkar som det ofte ikkje er tilfelle med Donald Trump.

– Han har vore slem mot damer. Han gjer heller ikkje noko med måten politiet er mot dei som er mørkhuda.

 

Marta Vedøy, 12 år, Moster

– Eg håpar på Joe Biden fordi han ikkje er Trump. Trump tenkjer mest på seg sjølv, og er ikkje bra for USA og verda.

– Det er spennande å følgja med presidentvalet, sjølv om det er litt vel mykje i media om det.

 

Milla Rygh, 12 år, Moster:

– Eg heiar ikkje på nokon av kandidatane, fordi eg synest dei har dårlege argument. På debatten på tv så krangla dei jo berre.

 

 

 

Oskar Sætre, 12 år, Moster:

– Eg synest ingen av dei er særlege gode, men heller Biden enn Trump.

– Trump seier mykje stygt om andre og er veldig sjølvgod.