Trur robotdelfinar kan få slutt på delfinar i fangenskap

Selskap som lagar robotdyr til film og tv trur dei kan lokka publikum tilbake til delfinparkar.

– Då eg først såg delfinen tenkte eg han kunne vore ekte.

Det seier ei kvinne som har prøvd å svømme med robotdelfinen, i ein promovideo frå selskapet. Du ser videoen lenger nede i saka.

Frå film til verkelegheita

Det amerikanske selskapet Edge Innovations har spesialisert seg på å laga livaktige robotar som etterliknar menneske og dyr.

Desse vert ofte brukt i tv- og film, men det amerikanske selskapet håpar at robot-dyr etterkvart kan erstatte ekte dyr i fangenskap.

Ein instruktør lærer barn om delfinar ved hjelp av ein robot. Foto: Edge Innovations

3000 delfinar i fangenskap

Gründer og administrerande direktør i Edge Innovations, Walt Conti, meiner at det er ein marknad for å læra og la seg begeistra av delfinar.

–  Det finst om lag 3000 delfinar i fangenskap, som blir brukt til ulike opplevingar med dyra, som show og delfinsymjing, seier Conti til Reuters.

Selskapet hans håpar å bidra til ein meir dyrevenleg måte å bli kjend med delfinar, og andre sjødyr, på. I tillegg til delfinar ser dei føre seg sikker dykking med kvithai og kanskje gigantiske reptilar, som ser ut som dei er henta frå dinosaurfilmen Jurrasic Park.

Robotdyra vert stadig meir livaktige:

3-5 millionar dollar for delfinen

Den 2,5 meter lange delfinroboten veg 250 kilo, er dekt av medisinsk silikon og kostar frå tre til fem millionar dollar.

Over 20 europeiske land har til no forbydd eller avgrensa bruken av levande dyr i sirkus.

Conti trur at robotdyra deira kan lokka tilbake publikum som ikkje likte at parkane brukte levande dyr.