NASA-astronaut skal stemme frå verdsrommet

På valdagen i USA, 3. november, er astronaut Kate Rubins på Den internasjonale romstasjonen, men ho kan stemme likevel.

Den amerikanske astronauten Kate Rubins er nesten 400 kilometer frå jordoverflata når amerikanarane skal gå til valurnene i november, skriv Framtida.no.

SKAL STEMME: Astronaut Kate Rubins stemmer frå verdsrommet på valdagen. Foto: NASA

Det hindrar ho likevel ikkje frå å avgje si stemme om kven som skal verte den neste presidenten i USA:

– Eg synest det er veldig viktig at alle stemmer, og om vi kan gjere det frå verdsrommet, så trur eg folk kan gjere det på bakken òg, seier Rubins til Associated Press.

Reiser snart til romstasjonen

Akkurat no er Kate Rubins i Moskva, der ho òg to russiske kosmonautar førebur seg til eit seks månadars opphald ved Den internasjonale romstasjonen.

Heilt sidan 1997 har amerikanske astronautar hatt høve til å stemme frå verdsrommet. Det er heller ikkje første gong Kate stemmer frå verdsrommet. Ho gjorde det same i 2016, og skreiv då at adressa hennar var «låg jordbane».