VINNARTEKST: Eg likar sommaren fordi..

Vebjørn (10) vart ein av vinnarane av skrivekonkurransen til Framtida Junior med denne teksten om sommarferien. Han går i 5. klasse på Stavang skule i Kinn kommune.

Eg er glad i sommarferien fordi eg slepp lekser og skule. Eg kan dra til plassar eg ikkje pleier å dra til vanleg. Eg har så god tid. Eg liker sommaren fordi det er så varmt i havet, og varmt på land òg, men eg likar ikkje å sveitte så mykje.

Eg kan møte farmor og farfar som bur 8 timer unna, eg pleier og spele mykje i sommerferien. Favorittspelet mitt er Minecraft. Eg elskar vannkrig, spesielt saman med dei to søstrene mine fordi eg kan skyte på dei.

Eg liker å bade i sjøen. Eg liker sommaren fordi eg kan sykle rundt fjøset mitt. Eg kan plukke bær og lage smoothie. Eg har ingen favorittsmoothie, fordi eg liker all smoothie.

Eg liker å klatre i tre, det liker katten min også! Eg synest det er fint å ha mindre lekser, fordi då får eg masse tid til å leike med naboen min. Vi tar syklane våre og leiker at dei er motorsyklar, av og til dragar!

Eg liker dei lange kveldene, mamma og pappa gløymer at vi må legge oss fordi det er så lyst.

Vi har sove i hengekøye og telt.

Eg kjem nærme naturen eg kan høyre alle lydane ute samtidig som eg har ein strek med internett på mobilen.

Sommaren er den beste tida på året – då har eg det gøy!