VINNARTEKST: Koronasommaren min

Eline (12) vart ein av vinnarane av skrivekonkurransen til Framtida Junior med denne teksten om sommarferien. Ho går i 7. klasse på Stavang skule i Kinn kommune.

Sommaren 2020 har vore ein annleis sommar. Korona kom til Noreg i mars. Statsministeren kunne tidleg på våren fortelje oss at vi ikkje kunne reise utanlands denne sommaren. I år har dei fleste reist på Noregsferie.

Det er mange reglar vi må følgje for å unngå smitte. Vi må til dømes halde ein meter avstand og vaske hender/ bruke antibac.

Mange familiar har prøvd andre måtar å feriere på. Mange nordmenn har kjøpt båt, campingvogn og bubil. Kanskje har  vi lært at det er gøy med ferie i Noreg også! Nokre fornøyelsesparkar har stengt på grunn av korona, men dei fleste har opna igjen. Det er også ein liten forskjell på ein del kjøpesenter, det er antibac ein må ta før ein går vidare.

Overraska

Sjølv om det har vore strenge reglar er eg overraska over at ein del er dårlege på å fylgje dei. Eg blei veldig overraska når eg måtte sitte ved sidan av nokon framande på ein restaurant utan ein meters avstand. Når eg køyrde for å møte familien min i sommar, hadde nettopp oldemor og oldefar kome ut av karantene. Dei hadde hamna i karantene fordi ein heimesjukepleiar som hadde vore heime hos dei hadde testa positivt på korona. Ein dag i sommar var eg på ein bensinstasjon. Der var det mykje, alle stod tett i tett, då sa pappa at vi måtte finne ein anna bensinstasjon.

Kva positivt kan vi ta med oss frå koronasommaren?

Sjølv om det er ein del som vart annleis i sommar er det mykje som har vore fint også. Det er mange fine plassar å besøke i Noreg også, og mindre folk har fått vanleg influensa og andre sjukdommar fordi vi vaskar hendene oftare enn vi gjorde før.  Denne sommaren har også vore meir miljøvennleg enn andre, mindre folk har reist med fly og halde seg heime. Kanskje har vi lært at vi ikkje treng å reise så langt for å ha ein fin ferie. Det er litt fint å vere heime også!