Laurdag blei prins Sverre Magnus konfirmert

Prins Sverre Magnus er nummer tre i arverekkja. Laurdag 5. september blei han konfirmert i Asker kyrkje.

Prinsen var ein av ti ungdommar som skulle konfirmere seg i Asker laurdag. Grunna smittevern var det avgrensingar på kor mange som kunne vere til stades i kyrkja. Prinsen kunne, som dei andre konfirmantane, berre invitere 16 gjestar til kyrkja. Forutan foreldra og søskena prinsesse Ingrid Alexandra og Marius Borg Høiby med kjærasten Juliane Snekkestad, kom også kongeparet, mormor, tante Märtha og syskenbornet Leah Isadora Behn.

Feiringa etterpå var privat. Det var berre den næraste familien som kom på ein privat middag på Skaugum, ifølgje NRK.

Då prinsen kom til verda bestemte kong Harald at barnebarnet ikkje skulle vera kongeleg høgheit. Kongen ville at Sverre Magnus sjølv skal forme ungdomstida og ha eit vaksenliv utan kongelege oppgåver. Men som prins av Noreg deler han merkedagar, som når han konfirmerer seg, med nasjonen.