Testar toalett med gjennomsiktige veggar

Dei siste åra har Japan fått mange uvanlege og avanserte toalett, men denne varianten her tek kanskje kaka?

I den japanske hovudstaden Tokyo testar dei no ut noko heilt nytt – toalett med gjennomsiktige glasveggar. Det rapporterer News for Kids. 

Skjønt – heilt gjennomsiktige er dei ikkje. Veggane er laga av ein spesiell type “smart” glas, som sluttar å vere gjennomsiktig når nokon går inn og låser døra. Når dei låser opp igjen og går ut, vert glaset igjen gjennomsiktig.

Sidan toaletta er opplyste om natta, gir dei vakkert lys til parkane dei ligg i. Foto: Satoshi Nagare/Nippon Foundation

Toaletta er designa av arkitekten Shigeru Ban. Idéen hans er at dei gjennomsiktige veggane løyser to problem: No kan folk sjå om toalettet er reint og fint utan å gå inn, og om det er ledig eller ikkje.

Dei gjennomsiktige toaletta har blitt sett opp i to parkar i Tokyo, og så langt er reaksjonane delte. Mange synest det er ei fin løysing, andre er redde for at glaset ikkje skal fungere, slik at alle kan sjå dei når dei sit på do.

Hadde du turt å teste desse toaletta?