Sven har vore koronafast i Noreg i seks månadar

Sven Bjelland (9) bur i Thailand og skulle berre på ferie til sin norske far i to månadar. No har han vore i Noreg i seks månadar grunna koronaviruset.

Fakta om Thailand:
  • Thailand er eit kongedøme i Søraust-Asia med kring 70 millionar innbyggarar.
  • Hovudstaden heiter Bankok.
  • Dei viktigaste næringane i landet er turisme, gummi, fiske, tømmer og naturgass.
  • Ordet «thai» betyr fri mann.
  • Valutaen er baht.

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Det er ei lang reise frå Bergen til byen Khon Kean i Thailand. Byen Sven bur i ligg nord-aust i Thailand og har cirka 147.600 innbyggjarar.

– No har eg vore i Noreg i seks månadar. Eg skulle berre vera her i to månadar på besøk hos pappa. Eg var i Noreg då eg var baby, men det er fyrste gong eg er her som eg kan hugse, fortel Sven.

– Eg har vore heime, ute på tur og spela spel. Pappa og eg har også vore på mange båtturar, fortel han.

Saknar Thailand

Han er veldig glad for tida han har fått saman med far sin, men saknar mamma, to systrer, besteforeldra og vener.

– I kvardagen der bur eg med besteforeldra mine når mamma er er på jobb. Ho jobbar i ein annan by – så då må systrene mine og eg bu hos dei. Systrene mine er 16 og 13 år, seier Sven.

I THAILAND: Sven lengtar tilbake til familien, men han har det fint i Noreg med pappa. Foto: Privat

Det å møte vener er eit spesielt stort sakn. 

– Eg saknar å vera ilag med dei. Men eg spelar ofte med vener på internett og vi ringer kvarandre på Messenger og ein thailandsk app eg har. 

– Det hender at venene ringer til han midt på natta. 

– Dei er ikkje alle som hugsar på at det er tidsforskjell mellom Noreg og Thailand. Det er natt her når det er morgon der, fortel han.

Venene spelar mellom anna Jurassic World og andre spel medan dei snakkar på Messenger.

– Det er veldig kjekt at vi kan spele saman slik. I tillegg til kontakten med dei, har eg spelt ein del fotball og tennis med pappa. Vi har også sykla på tur, fortel han.

Han tenkjer ein del på koronaviruset i kvardagen, men har akseptert at han må vente til det er lov å reise. Han kan ikkje reise åleine på den lange turen, så pappa må bli med.

Lange skuledagar

Når Sven kjem tilbake til Thailand ventar familie, vener og skulen. 

– Eg går på ein internasjonal skule der eg mellom anna lærer engelsk og kinesisk, fortel han.

BADEGLAD: Her badar Sven i eit basseng i Thailand medan det regnar. Han har bada mykje i sjøen i Noreg denne sommaren. Foto: Privat

I kvardagen står han opp klokka 6, reiser til skulen klokka 7, og kjem heim att klokka 18 på ettermiddagen. 

Det er eit stykke å reise til og frå skulen, men far til Sven betaler ein lærar for at Sven skal få sitje på i bilen.

Det er viktig for Sven å halde ved like det han har lært på skulen no når han er koronafast i Noreg.

– To-tre gongar i veka sender mamma skuleoppgåver til meg, fortel han.

No håpar Sven og faren at det kjem nye reiseråd som gjer at dei kan reise til Thailand i september.