Vil fjerne statuar i Oslo

Statuene av Winston Churchill og Ludvig Holberg har skapt debatt.

Etter at George Floyd døydde under ein arrestasjon i USA, har det vore demonstrasjonar mot rasisme verda over.

No har fleire tusen signert om å fjerne statuer i Oslo.

Dei vil at statuene av Winston Churchill og Ludvig Holberg må fjernast.

Grunnen er at dei meiner at Churchill hadde rasistiske haldningar og Holberg investerte i slavehandel.