Trur det må ha vore kaldt og spennande i steinalderen

4. klasse ved Leirvik skule reiste tilbake i tid då dei besøkte Moster Amfi.

Hanne Vihovda fortalde om steinane som blei brukte og funne i steinalderen. Formidlaren ved Moster Amfi fortalde korleis steinalderfolk tok ut nær 1000 tonn grønstein frå Hespriholmen i løpet av 5000 år. Elevane fekk sjå og kjenna på flint, kleberstein og andre steinartar som blei brukte.

KALDT: – Eg trur det må ha vore kaldt! seier Elisabeth Wiland. Foto: Svein Olav B. Langåker

– Det var kjempegøy og spennande! sa Alva Alvsvåg då Framtida Junior var med klassen hennar til Moster Amfi i haust. Alva trur det hadde vore spennande å leva i steinalderen.

– Eg trur det må ha vore kaldt! seier Elisabeth Wiland.

Sidan steinalderen varte så lenge, så var det fleire tusen år der det var mykje varmare enn i dag – og det var mange år der det var mykje kaldare enn i dag og istid.