No opnar alle skulane opp igjen

Elevane i 5.–10. klasse og vidaregåande skular kan starte på skulen måndag, 11. mai. Det kunngjorde regjeringa på pressekonferansen på torsdag.

Det er ikkje alle skular som kan ha alle elevane inne samtidig på grunn av smittevern. Derfor kan det bli ulik oppstart for mange av elevane som enno ikkje har fått starta på skulen igjen, skriv NRK.

Korleis oppstarten blir for deg og din skule får du derfor vite av læraren/rektoren din.

Er du gira på familieparkar?

Statsministeren fortalte også på pressekonferransen at familieparkar kan opne frå 1. juni.

Vi må framleis vere flinke til å vaske hender

Sjølv om ting byrjar å opne igjen var statsministeren tydeleg på at folk må overhalde smitteverntiltaka.

– I lang tid framover må vi halde ein meter avstand, vaske hendene og la vere å klemme kvarandre, sa ho.