Tobias går maraton

Tobias Garbutt (9) har cerebral parese og autisme. No vil han fullføre eit maraton på sine daglege treningsturar.

På grunn av sjukdomen må han trene med gåstolen sin langs gata utanfor heimen sin i Sheffield i England.

– Eg tenkte: Kvifor ikkje bruke gåinga mi til å fullføre eit maraton ved å gå opp og ned gata mi. Dette kjem til å bli ei enorm utfordring for meg. Eit maraton er 42.195 meter, men eg er bestemt på gjere det.

Det fortel Tobias Garbutt frå Sheffield i ein Twitter-video delt av Paces Sheffield, som er ein av organisasjonane niåringen har bestemt seg for å samla inn pengar til.

Inspirert av ein 99 år gamal kaptein

Tobias kan ikkje stå eller gå utan hjelp. Han vart inspirert til stuntet då han såg 99 år gamle kapteinen Tom Moore, som hadde samla inn over 380 millionar kroner til det britiske helsevesenet ved å gå hundre rundar i hagen. Målet hans var beskjedne 1000 pund, som tilsvarar nesten 13.000 norske kroner.

Koronaviruset, CONVID-29 har påverka heile verda, og mange held seg heime. Derfor har Tobias ein stor heiagjeng som står og heiar på han på dei daglege treningsturane.