Nederlandske elevar tvinga til å segle over Atlanteren, grunna korona

Etter fem veker på ope hav var den nederlandske skuleklassen omsider framme i heimlandet søndag.

Det var ei rekkje letta foreldre som kunne ta imot skipet Wylde Swan då det kom seglande inn mot kaia i Harlingen, Nederland på søndag.

Om bord var nemleg 25 skuleelevar mellom 14 og 17 år som hadde vorte tvinga til å segle over Atlanteren på grunn av koronarestriksjonar – utan særleg segleerfaring.

Koronastopp på heimreisa

Elevane var i gang med eit seksvekers seglekurs om bord det hundre år gamle skipet, då koronapandemien stakk kjeppar i hjulet for reiseplanane i Karibia.

Eigentleg skulle gruppa fly heim til Nederland frå Cuba, men i midten av mars verka det som dette ikkje kom til å vere mogeleg.

Det vart då bestemt at elevane, tre lærarar og 12 erfarne personar frå mannskapen skulle segle dei nesten 7000 kilometrane attende til hamnebyen Harlingen, nord i Nederland.

– Er det nok mat om bord?

– Min første tanke var, korleis skal eg gjere dette med dei kleda eg har, og er det nok mat om bord? seier eleven Anna Maartje ifølgje Reuters.

Skipet på nesten 200 fot, la til kai på øya Saint Lucia i Det karibiske hav, der dei fylde på med forsyningar og klede, i førekant av Atlanterhavsferda.

Frå dei sette segl mot Europa til dei nådde den nederlandske kaia tok det fem veker.

Då dei kom attende til heimlege farvatn hengde elevane opp eit banner med ei spesiallaga bucket list der dei no kunne huke av å krysse Atlanterhavet, å symje midt ute på havet og å overleve Bermuda-triangelet.

Sjå video frå velkomsten her: 

Masterskip, firmaet som organiserte turen, plar ha fem opplæringsturar med rundt 150 studentar kvart år, og skipet Wylde Swan har kryssa Atlanteren omlag 20 gongar før om enn under andre omstende.