Ikkje legg leiker i steikjeomnen for å drepe virus

Det kjem mykje fakta og gode råd i desse korona-tider, men det svirrar òg tips vi absolutt ikkje bør bruke.

I ei direktesending på NRK vart folk oppmoda til å leggje diverse gjenstandar i steikjeomnen på 75 grader for å drepe koronavirus. No får brannvesenet spørsmål om dette er lurt.

– Det tilrår vi ikkje! Vi har meir enn nok å gjere, og vi vil gjerne sleppe å rykkje ut til brann i leiker, tvitrar brannvesenet.

Det var NTB som fyrst omtala saka.