På 30 dagar kan døde menneske verte klimavenleg kompost

Det amerikanske firmaet Recompose vil snart tilby eit alternativ til vanleg gravlegging og kremering – nemleg menneskeleg kompost.

Dette hevdar firmaet er eit meir klimavenleg alternativ, skriv Framtida.

Den døde kroppen vert lagt i ein tett boks som er fylt av trebitar, ein blome som heiter lusern og strå.

Kroppen vert sakte rotert slikt at mikroorganismar kan bryte den ned. Sjølv bein og tenner vert omgjort til jord.