18-årsgrense for gambling-spel

Dataspel som inneheld opplæring i pengespel, får no automatisk ei anbefalt aldersgrense på 18 år gjennom nye europeiske retningslinjer.

Aldersgrensa gjeld spel som poker, rulett og black jack – spel som tidlegare hadde ei aldersgrense på 12 år, skriv Framtida.

– Ei tydeleg melding til foreldre

Mari Velsand er direktør i Medietilsynet. Foto: Medietilsynet/ Thomas Ekström

– Medietilsynet meiner ei høgare anbefalt aldersgrense på denne typen spel kan bidra til å verne sårbare grupper som barn og unge, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand.

Medietilsynet er òg opptatt av at foreldra skal få god informasjon om spela før dei kjøper dei.

– Å heve den tilrådde aldersgrensa er ei tydeleg melding til foreldre om at desse spela ikkje er eigna for dei yngste, seier Velsand.