Hanekamp i India

Førre veke var det hanekamp i Jagiroad, India. Dette er del av festivalen Jonbeel Mela.

Hundrevis av indiske stammesamfunn som Tiwa, Karbi, Khasi og Jaintia samlar seg frå sine heimar i dei omkringliggande åsane for å ta del i festivalen. Der er det samhald og utveksling av varer gjennom eit gamalt bytesystem i staden for pengar.