Velsigna kjæledyra i Spania

Førre veke var det feiring av Anthony den Store, skytshelgenen for dyr.

Dyr av alle slag vart tekne med til kyrkje i Spania, der dei vart velsigna av prestar for å feira dagen.

Kvelden før rir mange hundre personar gjennom gatene i San Bartolome for å markera «Luminaras». Det er ein over 500 år gamal tradisjon, meint til å reinsa dyra med røyk frå bål og beskytta dei i året som kjem.