Mykje av julematen blir kasta

Mange handlar inn for mykje mat til jula. Resultatet er at kilovis med pølse, ribbe, pinnekjøtt og anna julemat aldri blir spist.

Fakta om matsvinn

Matsvinn er når mat vi kan ete blir kasta eller brukt til noko anna enn menneskemat.
Ein tredjedel av maten som vert produsert i verda blir aldri spist fordi den blir øydelagt eller kasta.
All maten som blir kasta ville vore nok til å fø alle sultne menneske på jorda.
USA er eit av landa med høgast matsvinn, medan Japan og Sør-Korea har det lågaste matsvinnet i verda. I USA blir det kasta ca. 40 millionar tonn kvart år.
I Noreg kastar vi 385.000 tonn mat frå matindustri, dagligvarehandel, hotell, kantine og hos vanlege folk (2017-tal). Det er cirka 73 kilo per innbyggar.
Kjelde: Wikipedia, Matvett

LES FAKTALUKK FAKTA

Cirka fire av ti nordmenn innrømmer at dei kastar for mykje julemat. Det viser nye tal frå Danske Bank.

Redd for å ikkje ha nok mat

Anne Marie Schrøder trur årsaka kan vera at folk handlar i full fart, og at dei er redd for å ikkje ha nok mat dei dagane butikkane held stengt.
Ho er kommunikasjonssjef  i Matvett og jobbar med å førebygga og redusere matsvinn.
– Mange handlar råvarer i store mengder, sjølv om butikkane berre er stengt i eit par dagar, seier ho til Munin.buzz.

Det var NTB som fyrst omtala saka.