Britane kallar det norske juletreet i London for «glissent»

Kvart år sidan 1947 har Noreg gitt eit juletre i gåve til britane. Treet har alltid stått på Trafalgar Square i London. I år er ikkje britane nøgd med treet dei har fått.

I sosiale medier er det mange som kaller det både «trist», «pinleg» og meiner at treet er glissent, skriv Aftenposten. Det var BBC som fyrst omtala kritikken.

Forsvarar treet

Den britiske ambassadøren i Noreg, Richard Wood, forsvarar treet.

– Det er slik eit 90 år gammalt, 25 meter høgt tre ser ut i det fri, seier Wood ifølgje BBC.
Det fyrste treet var ei gåve frå kong Haakon VII til britane som takk for at han fekk flykte til Storbritannia under 2. verdskrig.

– Det er viktigare å tenkje på symbolikken i treet enn å telle kor mange greiner det har, seier Wood.