Markus (8) er eit stortalent i kortspelet bridge

Markus Hansen Moe elskar å spele bridge. Han vinn ofte turneringar mot vaksne spelarar. 

FAKTA: Kva er bridge?

Bridge er eit kortspel for fire personar. To par spelar mot kvarandre.

Spelarane blir kalla nord, sør, aust og vest. Nord og sør er på lag, og vest og aust er på lag. Dei nyttar ein vanleg kortstokk. Sjå www.bridge.no viss du ønskjer å lære meir om spelet. Det er også videoar som forklarar reglane på nettsida.

(Kjelde: Wikipedia / Bridge.no)

LES FAKTALUKK FAKTA

Markus Hansen Moe (8) frå Sandnessjøen i Nordland byrja å spele bridge då han var seks år. No spelar han i tre bridgeklubbar, skriv NRK. 

Stortalent

Markus spelar i Helgeland Juniorbridgeklubb som har tidlegare noregsmeister Kurt Ove Thomassen som leiar.

– Guten er eit stortalent! Eg har i lang tid sagt at vi har å gjere med bridgens svar på 

Magnus Carlsen, seier Kurt Ove til NRK.

Kurt Ove meiner at Markus er kortspelet sitt svar på Magnus Carlsen, verdsmeisteren i sjakk. Han starta å spele sjakk i ung alder, og deltok i si fyrste turnering då han var 8 år.  

Bridgefrelst

Pappa Håvard Moe fortel at Markus var interessert i bridge veldig tidleg.

– Både eg og mora spelar bridge. Han ville vera med, men vi svara at han var for liten. Han maste og maste, og til slutt sette vi oss ved kjøkenbordet og viste han litt. Då var det gjort. Han tok det mykje lettare enn vi hadde trudd, fortel Håvard.

TRENING: Markus spelar bridge kvar måndag i Helgeland Juniorbridgeklubb. Foto: Privat

Markus kunne ikkje pluss og minus på den tida, men det lærte han slik at han kunne spele.

– Vi byrja ved stovebordet og etter kort tid kunne han spele mot robotar på bridgeapper.

– Når Markus møter flinke vaksne, blir han slått, seier faren. Men innimellom er han flinkare enn dei vaksne, seier pappa Håvard.

Foreldra vil leggje til rette for at Markus kan satse på bridge, men dei vil at det skal vera gøy.

Han må ville det sjølv. I den alderen finn ein plutseleg ut at det er noko anna som er kjekt, og då må han få lov til det, seier pappa Håvard. 

Fleire rekordar

VANN: Her er Markus på turnering i Mo i Rana. Her vann han premie for «beste junior par». Han spela saman med ein kamerat, og dei vann begge ein Nintendo. Foto: Privat

Då Markus var sju år var han den yngste som fekk utmerkinga «kløvermeister». No har han også sett rekord som den yngste som mottek utmerkinga «rutermeister.» I tillegg er han den yngste spelaren som har vunnet ei norsk simultanturnering. 

–  Han er truleg den yngste i verda som har vunne ei nasjonal simultanturnering, seier trenar Kurt Ove.

Ei simultanturnering er ei turnering der den lokale brigdeklubben samanliknar resultata med andre klubbar rundt i landet.