Adolf Hitlers fødestad vert politistasjon

Slik vil austerrikske myndigheiter hindra at staden lokkar til seg nazi-sympatisørar.

Det austerrikske innanriksdepartementet har annonsert at huset der Adolf Hitler vart fødd skal gjerast om til ein politistasjon. Det melder britiske The Guardian.

– Husets framtidige bruk av politiet skal senda eit tydeleg signal om at dette bygget aldri skal bli ein stad der ein minnast nazismen, seier innanriksminister Wolfgang Peschorn i ei pressemelding.

Nazi-sympatisørar og anti-fascistar

I 2016 tok myndigheitene over det gule murbygget i byen Braunau nord i landet på grensa mot Tyskland, der Adolf Hitler vart fødd 20. april 1889.

Sjølv om familien til Hitler berre budde i leilegheita i andre etasje ein kort periode valfartar stadig nazi-sympatisørar frå heile verda dit.