I badekar på snø

I Sveits har dei eit årleg badekarritt der folk kler seg ut i morosame kostymar og kjempar om å kome raskast mogleg ned skibakken.

Denne dagen står dei ikkje på ski nedover – dei sit i eit badekar! I år var den sjuande gongen badekarrittet blei arrangert.